På Nasjonalbiblioteket sine sider er det mykje stoff om folkemusikk. M.a. kan ein lese Norsk Kappleiksoge frå 1978. Boka inneheld stoff og resultat frå dei første Landskappleikane. På side 45 står det om Landskappleiken i 1919 der Anders Viken deltok, og om ein kontrovers mellom han og arrangøren/dommarane.
Biletet er frå denne kappleiken.
Nasjonalbiblioteket har ei stor samling med litteratur om folkemusikk som kan lesast på nettet. Eit søk på "kappleik" t.d. gjev dette resultatet: Søk i Nasjonalbiblioteket