Dette er andre boka Indre Sunnfjord Spelemannslag står bak. Den første var Skapt til spelemann. Sigmund Eikås - mannen og musikken som vart utgitt i samband med at nestoren i spelemannslaget fylte 70 år i 2017.

Vi håpar og trur at dei to bøkene einskildvis, og ikkje minst samla, er interessante og gjev viktige bidrag til kunnskap om folkemusikk, spelemenn- og kvinner, songarar og dansarar i Sunnfjord og litt til.